Opprykksrivalar skal gjere opp om poenga

Til helga kan vi sjå fram mot ei serierunde fullstappa av spennande oppgjer. I Stavanger møtast to av opprykksfavorittane allereie i andre runde..

Annonse:

Foto: Marius Simensen / Bildbyrån

Flere av forhåndsfavorittene i 1. divisjon denne sesongen fekk ein perfekt start på sesongen førre helg. Viking, Tromsø, Start, Kolbotn, Arna-Bjørnar, og Åsane fekk alle med seg tre poeng i jakta på opprykk til Toppserien.

Dette er helgas kampar i 1. divisjon:

Start – Bryne, lørdag 15:00

Viking – Arna-Bjørnar, lørdag 15:00

Åsane – Klepp, lørdag 15:00

Frigg – Grei, søndag 14:00

Kolbotn – Fyllingsdalen, søndag 14:00

Odd – Tromsø, søndag 14:00

Opprykksfavorittar møtast i Stavanger

Mange har peika på Viking og Arna-Bjørnar blant dei største favorittane til å sikre opprykket til Toppserien denne sesongen, eit favorittstempel som framleis er til stades etter serieopninga.

Viking hadde full kontroll i Rogalandsderbyet mot Bryne førre helg. Nyopprykka Bryne fekk ein tøff oppgåve mot eit solid Viking, og framfor i overkant av 600 oppmøtte på Bryne Stadion var det til slutt liten tvil om kvar poenga skulle ende opp til slutt.

Nora Heggheim har i forkant av denne sesongen blitt omskulert frå midtstoppar til angrepsspelar, og brukte berre 11 minutt på å score sesongens første. Helene Broch, Martine Kjølholdt og Frederikke Holmberg stod for dei andre scoringane då Viking vant 4–0 i seriepremiera.

På laurdag ventar enda tøffare motstand for Viking, når Arna-Bjørnar kjem på besøk til Lyse Arena. Laget enda i fjor på 5.-plass i 1. divisjon, og kjempa om ein plass i kvaliken heilt inn i siste serierunde. 

I serieopninga tok dei tre poeng mot Odd, etter at Tina Skogedal scora kampens einaste mål, med ei utsøkt avslutning frå kanten av 16-meteren, som ho plasserte i det lengste hjørnet. 

Dermed blei det ein perfekt debut for målvakt Savanna Duffy, som holdt nullen, og for resten av Arna-Bjørnar, som gjorde ein god figur i ein utfordrande kamp. 

Så er spørsmålet om Maren Mjelde og co kan halde nullen for andre kamp på rad, eller om Viking-angrepet har fått blod på tann etter fire nettkjenningar i årets første kamp.

SKY01995.jpg
OMSKULERT: Nora Heggheim har fått ein ny posisjon i vinter, og har overbevist lenger framme i bana så langt. Foto: Alexander Larsen / Viking

Tromsø på poengjakt i Skien

Odd gjekk som nemnt på eit knepent 1–0-tap mot Arna-Bjørnar i første serierunde. Det var eit Odd som gang på gang fekk dårlege nyheiter i den siste veka opp mot seriestarten. 

Thea Aas, som var ein av Odds mest skinande spelarar i sesongoppkøyringa, rauk korsbandet og er ute resten av sesongen. Kamilla Ahlbom er tilbake om eit par månadar. Og like før kamp mot Arna-Bjørnar innsåg dei at dei også må klare seg utan fjorårets store profil; Hannah Aurbekkholen i nokre veker.

Dermed er det eit svekka Odd som vil ønske Tromsø velkommen til Skien på søndag. 

Men dei viste seg frå ei positiv side i serieopninga, til tross for skadefråfall og seks debutantar frå start. Det er ein tøff test som ventar for Tromsø på Skagerak Arena på søndag.

Tromsø håpar å halde fram med å flyte på ei medgangsbølgje, etter at dei vann overbevisande 3–0 mot nyopprykka Frigg førre helg. Vilde Veglo viser at ho framleis veit kvar målet står, med to nettkjenningar i den kampen. I tillegg noterte Elisabeth Skall seg for ei scoring. 

Sigeren gjer at Tromsø befinn seg på 2.-plass i 1. divisjon etter den første runda, og jaktar ein heilt perfekt serieopning før det er landslagsopphold i divisjonen etter helgas runde.

_ICK0024 (4).jpg
POENGJAKT: Tromsø kjem på besøk til Skien og Odd på søndag. Foto: Odd Sindre Tonning / TFK

Dei fire andre kampane i runda er:

Start – Bryne

Åsane – Klepp

Kolbotn – Fyllingsdalen

Frigg – Grei

Start serieopna borte mot Fyllingsdalen, og tok med seg ein sterk 3–1-siger heim igjen. Marion Myrvold var involvert i samtlege scoringar, etter ei nettkjenning og to målgivande pasningar. Kathrine Clement og Ina Marie Andresen stod for dei to andre scoringane for Start. Dermed er fleire av dei gulkledde nøkkelspelarane i gang med målproduksjon i 2026-sesongen. Bryne fekk ein tøff debut i 1. divisjon, men vil vere ein kamp rikare kva gjeld erfaring på nivået, og kan skape trøbbel for Start i årets første seriekamp på Sparebanken Norge Arena. 

På Åsane Arena skal Åsane bygge på seriestarten, der dei tok med seg ein knepen siger mot Grei etter scoring av 16-årige Diana Wilson Kumi. På laurdag venter nok ein nyopprykka klubb, når Maria Thorisdottirs Klepp kjem på besøk. Dei grønkledde leverte ein solid prestasjon mot Kolbotn i serieopninga, og leia lenge mot laget som rykka ned frå Toppserien i fjor. Til slutt blei kampen snudd, og Klepp stod igjen tomhendte etter kampen.

Dermed fekk Kolbotn med seg tre poeng frå årets første kamp, etter at Kanna Matsuhisa scora kampens siste mål mot Klepp. Det er ein spelar Fyllingsdalen må demme opp for dersom dei skal ha håp om å ta sesongens første poeng i helga. 

På søndag kan vi også glede oss til eit byoppgjer mellom Frigg og Grei. Kven er sterkast av Oslo-klubbane som begge rykka opp frå 2. divisjon førre sesong. Begge stod igjen utan poeng etter første serierunde, no vil minst eitt av laga sikre seg sine første poeng i 1. divisjon denne sesongen.

Annonse fra Toppserien: