Nykommarane viste styrke i serieopninga

Sesongen opna med eit smell for dei nyopprykka laga. To av tre makta å ta poeng mot fjorårets medaljørar.

Annonse:

Foto: Kristian Moe / AAFK

Runda

Bodø/Glimt 0–0 Hønefoss

Molde 0–5 Brann

LSK Kvinner 1–3 Røa

Rosenborg 1–1 Haugesund

Stabæk 0–1 Lyn

Vålerenga 0–2 Aalesund

Sjokkerte den regjerande cup-meistaren

Vålerenga 0–2 Aalesund

Mål: 0–1 Katarina Sunde (28’), 0–2 Katarina Sunde (70’)

Det var denne sesongen knytt store forventningar til kva dei nyopprykka klubbane kunne få til i Toppserien denne sesongen. Aalesund har vist styrke gjennom sesongoppkøyringa, og har blant ekspertane i TV 2 blitt spådd heilt oppe på 5. plass denne sesongen.

Med sesongopning borte mot Vålerenga var det duka for ein ordentleg elddåp for tangotrøyene i sin første sesong under ein samla paraply. 

Og når dei først var på plass lot dei seg ikkje pirke på nasa. Etter ein halvtime utnytta Aalesund ein tabbe i dei bakre rekkane hos vertane til det fulle. Laura Gashi spelte fri Katarina Sunde, som gjorde alt riktig aleine med Tove Enblom, og sendte Aalesund i føringa.

Mange forventa då at Vålerenga skulle kome ut i 100 etter pausa, men Aalesund haldt fram med å levere solid spel som frustrerte hovudstadsklubben.

Og i staden for at Vålerenga slo tilbake, fekk Aalesund ein moglegheit fra straffemerket, etter at Ingrid Nødland blei felt av Matilde Lundorf inne i boksen.

Fram gjekk Sunde, og kontant dobla ho leiinga for gjestane. I feiringa hysja ho på Vålerenga-fansen, som måtte gå skuffa heim frå kamp etter 0–2 mot dei nyopprykka frå Ålesund.

Brutal velkomst til Toppserien

Molde 0–5 Brann

Mål: 0–1 Brenna Lovera (3’), 0–2 Brenna Lovera (31’), 0–3 Cecilie Redisch Kvamme (59’), 0–4 Anna Aahjem (76’), Mari Bersås (sm. 80’)

Etter to strake opprykk var det endeleg duka for Toppserien-debuten for Molde sine kvinner. I seriestarten venta den regjerande meisteren Brann, etter ein vinter der fleire sentrale spelarar har forlatt klubben.

Men det var vanskeleg å sjå teikn til nokon sakn for Branns del då Brenna Lovera hamra ballen i nettet før det var spela tre minutt. Same spelar var på farta igjen etter at halvtimen var passert, og plasserte ballen i venstre kryss til 0–2 for gjestane.

Deretter var det duka for eit augneblinks magi frå innbyttar Diljá Yr Zomers, som tok seg forbi to motspelarar ved hjelp av nydelig fotarbeid, før ho overlot ballen til Cecilie Redisch Kvamme på bakarste stolpe, som satte inn kveldens tredje scoring.

Etter 72 minutt var det gledelig å sjå at Anna Aahjem gjorde sitt offisielle comeback frå sitt skademareritt då ho blei bytta inn. Og storscoraren brukte berre fire minutt på å sette sitt preg på kampen. 

Ho mottok ballen inne i boksen, og plasserte den kontrollert via stolpen og i mål. 

Kort tid etter var kvelden komplett for Branns del, då Lauren Davidson sitt innlegg gjekk via Mari Bersås og i mål, og Brann satte dermed eit utropsteikn bak sitt namn i diskusjonen om tittelfavorittane i årets Toppserien.

BB260320ZI012.jpg
FEIRING: Monica Isaksen og Brenna Lovera hadde god grunn til å feire då Brann sikra ein overbevisande siger i serieåpninga. Foto: Marius Simensen / Bildbyrån

Poeng på første forsøk

Rosenborg 1–1 Haugesund

Mål: 1–0 Irene Dirdal (6’), 1–1 Kristina Svandal (28’)

På Koteng Arena var det ein annan nykommar som fekk måle kreftar med ein medaljør frå 2025-sesongen.

Og Rosenborg gjekk rett i strupa på Haugesund framfor sine eigne fans. Først blei ein enorm trippelsjanse avverga, men returen hamna hos debutant Irene Dirdal, som på elegant vis løfta ballen i lengste kryss, og sendte Rosenborg i føringa.

Så var det Kristina Svandal som skulle få sende Haugesund til himmels. Eit frispark var fantastisk slått frå Kristina Nybru, og stormande inn i feltet fekk Svandal panna på ballen, og forlenga dens bane inn i lengste hjørne.

Dermed var laga like langt til pause. Og til tross for store sjanser for begge lag i den andre omgangen, var det ingen som klarte å sette ballen i nettet. Dermed kunne Haugesund feire eit poeng i ein knalltøff serieopning.

_ICK0092 (1).jpg
MÅL: Kristine Nybru og Kristina Svandal linket opp da det ble poengdeling mot Rosenborg. Foto: Odd Sindre Tonning / TFK

Talenta tok ansvar

LSK Kvinner 1–3 Røa

Mål: 1–0 Emma Reshane (14’), 1–1 Julie Steen (28’), 1–2 Julie Steen (48’), Elle Ulstein (79’)

LSK Kvinner fekk den perfekte starten på Toppserien 2026, då Emma Reshane på fantastisk vis hamra ballen i mål på ein strøken volley. Men det var også det LSK Kvinner fekk å juble for framfor eigne fans.

For etter dette var det Røa sine unge talent som fekk vist seg fram, då dei gang på gang var svært effektive på kontringane.

Først var det Julie Steen som blei spelt fri av Mina Bell Folland. Aleine med Klara Sporsem i LSK-målet gjorde 17-åringen ingen feil, og plasserte ballen under målvakta og til 1–1.

I andre omgang var same spelar igjen på farta, denne gangen spelt fri av Anya de Courcy. Også denne gangen var Steen iskald, og brått var kampen snudd.

Til tross for eit press frå LSK Kvinner, så var det Røa som skulle score kampens aller siste mål også, ei scoring som raskt blir ein kandidat til rundens mål. 

Denne gangen var det Elle Ulstein som fekk sjansen. Frå langt hold la ho ballen i ein nydelig boge over Sporsem, via tverrleggaren og ned like over streken. 3–1 sigeren i premiera var eit faktum for Røa.

1DX_0058 (4).jpg
DRØMMESTART: Røa fekk ein perfekt start på sesongen. Her frå då plassen i Toppserien 2026 blei sikra i kvaliken. Foto: Odd Sindre Tonning / TFK

Seierfest like før slutt

Stabæk 0–1 Lyn

Mål: 0–1 Kristin Holmen (89’)

Oppgjera mellom Stabæk og Lyn pleier å leve sitt eige liv, og det var også tilfellet då laga møttast i seriepremiera på Nadderud. 

I første omgang skapte Stabæk nokre enorme sjansar, og hadde også etter alt å dømme ballen over streken, utan at det blei gitt scoring.

Først var det Celia Lind Halvorsen som trakk av frå 10 meter. Ballen sang i tverrleggaren, før Lyn fekk klarert. 

Så tok det berre eit drygt minutt før Halvorsen var på farta igjen. Frå kanten av 16-meteren prøvde ho lukka, og igjen small det i tverrleggaren, før ballen spratt ned ved streken og ut. På TV-bilda ser det ut til at ballen kryssa streken, men dommaren avviste Stabæk sine høglytte reaksjonar. 

Der Stabæk skapte dei største sjansane i første omgang, var rollane snudd i den andre. Mellom anna fekk Vilde Aasprang foten på ballen ein dryg meter frå mållinja, men den avslutninga gjekk over målet og til ein femmeter. 

Det var først minuttet før kampslutt at det endeleg skulle lausne, og det var gjestane som kunne sleppe jubelen laus.

Tuva Lindvik tok seg fri på kanten, og slo inn framfor målet. Der storma Kristin Holmen inn og fekk hovudet på ballen før Sunniva Skoglund fekk slått den vekk, og skapte fullstendig kaos blant Lyn-spelarane som fekk feire sesongens første trepoengar.

_OST0061.jpg
GLEDE: Matchvinner-scoringa til Kristin Holmen smakte godt for Lyn-spelarane. Foto: Odd Sindre Tonning / TFK

Mållaust i nord

Bodø/Glimt 0–0 Hønefoss

På Aspmyra tjuvstarta Bodø/Glimt og Hønefoss på sesongen, då dei møttest på fredag. To lag det er forventa at vil trenge kvart poeng dei kan få gjennom sesongen, som enda opp med å dele på poenga.

Det stod ikkje på sjansane for at eitt av laga skulle stikke av med alle tre poenga. Fanny Lång hadde eit par gode moglegheiter i den første omgangen, medan Gerd Johansen fekk ein god sjanse på corner.

I den andre omgangen fekk Kristina Brudvik sjansen aleine med målvakt Siri Ervik, som varta opp med ein veldig sterk redning. Det utfallet blei gjenteke då Ida Holm Neset fekk sjansen nokre minutt etter, og laga gjekk mot poengdeling i serieopninga.

To minutt på overtid fekk Celine Larsen ballen i nettet etter å ha blitt spela fri av Silje Nyhagen. Avslutninga var god, men linjedommar var oppe med flagget, og scoringa blei annullert for offside.

Annonse fra Toppserien: