Nedrykksdramaet lev inn i siste serierunde
Helgas runde blei akkurat så spennande som ein kunne forvente seg. Og resultata gjer at det inn i sesongens siste serierunde framleis er tre lag som kan rykke ned. Toppserien
Foto: Odd Sindre Tonning / TFK
Runden
Bodø/Glimt 1-2 Kolbotn
LSK Kvinner 4-0 Lyn
Røa 1-1 Hønefoss
Rosenborg 1-3 Vålerenga
Stabæk 1-3 Brann
Kolbotn tenner håpet
Bodø/Glimt 1-2 Kolbotn (1-0)
Mål: 1-0 Ida Holm Neset (9’), 1-1 Kanna Matsuhisa (54’), 1-2 Jacqui Hand (90+2’)
Bodø/Glimt kunne sikre plassen i Toppserien neste sesong med siger heime mot Kolbotn. Eit Kolbotn-lag som har teke to poeng på bortebane heile denne sesongen.
Og det var Bodø/Glimt som opna kampen friskast. Fine kombinasjonar sentralt i bana førte til at Imani Jenkins fekk lausna eit skot frå innanfor sekstenmeteren til Savanna Duffy. Men Kolbotn-keeperen var på plass og fekk slått avslutninga unna.
Men nokre minutt seinare var det lite ho kunne gjere når Ida Holm Neset fekk sjansen. Eit nydeleg gjennomspel med utsida av foten til Anna Johansen fann Neset aleine framfor Kolbotn-målet.
Den første avslutninga fekk Sigrid Antonsen Gamst stoppa, men ballen spratt Neset sin veg, og både forsvar og keeper hos Kolbotn var utspelt, og Neset sende Bodø/Glimt i føringa før ti minutt var spela.
Kolbotn trudde dei hadde utlikna etter eit drygt kvarter, då Gamst fyrte frå utanfor 16-meteren. Avslutninga gjekk i mål, men på veien dit gjekk den mellom beina på ein offsideplassert Camilla Linberg, og blei korrekt avblåst for offside.
Anna Johansen ville gjerne ha meir. Eit kvarter var spela då ho drog vekk ein Kolbotn-forsvarar, og fekk avslutta, men avslutninga gjekk rett på Duffy.
Duffy måtte i aksjon ytterlegare nokre gangar gjennom den første omgangen, men avslutningar frå Veronika Sæthre, Anna Johansen og Claudia Cagnina blei alle stoppa av 20-åringen.
Kolbotn var på si side ikkje ufarlege dei heller. Linberg var centimeter unna å utlikne då hennar avslutning hamra i tverrliggeren, etter at Marie Aspenes fekk ein liten fingertupp på avslutninga.
I andre omgang var det for alvor Kolbotn som tok over kampen. Olivia Chance fekk ballen på hjørnet av 16-meteren, og løfta den mot bakerste stolpe. Der stod Kanna Matsuhisa, og stanga ballen i ein nydeleg boge over Aspenes og i mål.
Gjennom den andre omgangen kom Kolbotn til store sjansar ved Matsuhisa, Chance og Linberg, men ingen førte med seg nokon resultat. Dermed såg det ut til at det skulle ende i poengdeling, og dermed også nedrykk for Kolbotn.
Men to minutt på overtid stod Kolbotn igjen etter ein corner. Liz Anton fekk ein fot på ballen, og forsøkte å flikke den mot Glimt-målet. Flikken gjekk via ein Glimt-fot, og landa hos Jacqui Hand. Frå fire meter slang ho seg fram, og fekk tuppa ballen over streken, og tente med det eit aldri så lite håp for Kolbotn før sesongens siste serierunde.

Finsk 18-åring herja
LSK Kvinner 4-0 Lyn (3-0)
Mål: 1-0 Aada Mäkelä (6’), 2-0 Aada Mäkelä (16’), 3-0 Thea Mikkelsen (sm. 32’), 4-0 Tilde Andersson (84’)
LSK Kvinner jaktar 4. plassen i Toppserien, og sjansen til å kalle seg "best of the rest" denne sesongen, medan Lyn håpar å ende på 6. plass.
Og det var gultrøyene som starta kampen best. Mari Nyhagen snappa ballen frå ein passiv Emma Amundsen, og storma mot Lyn-målet. Ho spelte enkelt fri Aada Mäkelä aleine med Maria Kroken, og den unge finnen hadde få problem med å trille ballen i det lengste hjørnet, til 1-0.
Mäkelä var eit aktivum gjennom kampen. Like etter scoringa spelte ho fri Ronja Foss Arnesen, men hennar avslutning gjekk rett på den unge sisteskansen til Lyn.
Minuttet seinare fekk Arnesen på ny sjansen, då ho sprang frå den høge linja til Lyn. Igjen var Kroken på plass, og fekk stoppa den første avslutninga. Men returen gjekk rett i beina på Arnesen, som fekk spelt den vidare til Mäkelä som satte sitt andre for kvelden.
LSK Kvinner-dominansen haldt fram gjennom omgangen. Arnesen fekk ein ny sjanse aleine med Kroken, men igjen var Lyn-keeperen på plass og fekk avverga.
Men etter ein halvtime var det lite ho kunne gjere då LSK Kvinner stod godt igjen etter ein corner. Ballen enda hos Mäkelä, og 18-åringen hamra ballen inn framfor målet. På bakerste stolpe var Thea Mikkelsen maks uheldig, då hennar klarering gjekk rett i eige mål, og LSK Kvinner gjekk opp i 3-0.
Rett før pause burde LSK Kvinner også satt kveldens 4. scoring. Dei kom tre mot to i angrep. Nyhagen fann Arnesen framfor målet, og lånesoldaten fekk avslutta på mål. Men igjen var Kroken på plass, og fekk ein akkurat god nok touch på ballen til at den ikkje kryssa streken. Returen var Lyns Amundsen først på også, og fekk beina ballen unna.
I andre omgang fekk Lyn skapt litt meir enn i den første. Anna Palms avslutning frå distanse gjekk rett på Emma Lykke Sjåfjell, før LSKs sisteskanse verkeleg blei satt på prøve av Kajsa Pettersen.
Den harde avslutninga hadde retning krysset, men Lykke Sjåfjell låg i vinkelen, og fekk slått ballen til corner.
Like før slutt var LSK Kvinner på farta igjen. Tilde Andersson skaffa seg sjølv nok rom inne i boksen med ei fin vending, og fekk lempa ballen i det lengste hjørnet, og LSK Kvinner kunne feire ein 4-0 siger, og avansement til 4. plass på tabellen.
.jpg)
Årets mål-kandidat frå Røa
Røa 1-1 Hønefoss (1-1)
Mål: 0-1 Malene Dunsby (9’), 1-1 Elisa Berisha (13’)
Det var emosjonelt på Røabanen, då heimefansen takka av Geir Nordby, som etter sesongen gir seg som hovudtrenar etter 29 år i klubben! Fem seriegull, fem cupgull og kvartfinale i Champions League er ikkje alle forunt.
Det blei også ein spesiell start på kampen, då innmarsjen blei gjort i totalt mørke, med eit lysshow på Røabanen, etterfulgt av ein seremoniell overrekking av blomar til Nordby.
Sjølve kampen hadde også ein enorm viktighet for Røas del. Tre poeng mot Hønefoss ville nemlig gjere at dei ikkje vil rykke direkte ned.
Kampens første sjanse fall til Mina Bell Folland, men hennar avslutning skrudde feil veg, og enda i nettveggen.
Så sendte Kristin Gumaer Malene Dunsby ut på løpetur på venstrekanten. Frå skrå vinkel fekk Dunsby avslutta mellom keeper Hildegunn Sævik og stolpen, og i mål. Marerittstart for Røa på desperat poengjakt.
Heldigvis for Røa har dei ein 16-åring som har sansen for det heilt spektakulære. Elisa Berisha gjekk i presset, og vann ballen ved midtbanestreken. Derfrå tek ho eitt touch, og frå 40 meter såg ho at Siri Ervik stod langt ute. Ho klinka til, ballen gjekk i ein elegant boge over Ervik og rett i nettet.
Så viste Kaja Rosenlund fram sine eigenskapar. På nydelig vis drog ho seg forbi Ane Jørgensen før ho testa lukka frå skrott hold. Dessverre for ho og Røa gjekk den på feil side av stolpen.
I andre omgang var det Julie Steen sin tur til å prøve seg på ein frekk avslutning frå spiss vinkel, men Ervik stod i vegen og fekk hindra scoring.
Ikkje lenge etter var Steen på farta igjen. Nok ein gang fekk ho fyrt av frå spiss vinkel. Denne gangen var Ervik sjanselaus på å stoppe skotet, men heldigvis for hennar del var tverrliggaren i vegen, og det stod framleis 1-1.
Hønefoss var heller ikkje ufarlege. Inger Vadder blei spelt fri på høgrekanten. Avslutninga hennar var god, men det var også Sævik i Røa-målet, som fekk slengt ut ein fot og stoppa ballen på dens vei mot nettmaskene.
Fem minutt på overtid hadde Røa ein corner. Den blei slått på bakerste stolpe, der Malene Wik Alfredsen hang høgast og fekk stanga den mot mål. Men på strek stod det ein Hønefoss-spelar, som fekk klarert. Dermed enda det med poengdeling, og Røa må vente til siste serierunde for å vite om dei rykkar ned, må i kvalifisering, eller beheld plassen i Toppserien.

CL-plass på spel i flomlyset på Lerkendal
Rosenborg 1-3 Vålerenga (1-2)
Mål: 1-0 Rebecka Holum (5’), 1-1 Michaela Kovacs (20’), 1-2 Olaug Tvedten (41’), 1-3 Sara Hørte (60’)
I eit Lerkendal bada i flomlys var det framleis teoretisk mogleg for Rosenborg å kome seg forbi Vålerenga på tabellen, og sikre den viktige 2. plassen som gir kvalifiseringsspel i Champions League neste sesong.
Då var dei avhengige av å sikre ein solid siger mot eit veldig godt Vålerenga-lag.
Og det kunne sjå ut til at dei var klare for å få til nettopp det, då Ine Berre satte farta mot Vålerenga-målet tidleg i kampen. Innlegget hennar fann Rebecka Holum, som hadde få problem med å sette ballen i mål bak Tove Enblom.
Etter dette etablerte Vålerenga eit press på Rosenborg, gjennom ein rekke dødballar, samt avslutningsforsøk frå Olaug Tvedten og Stine Brekken, som ikkje satte Rugile Rulyte på dei store prøvane.
Heilt til Vålerenga fekk eit frispark på hjørnet av 16-meteren. Tvedten løfta det inn på bakerste, der Sara Hørte ruga høgast. Ho heada ballen på tvers framfor målet, der Michaela Kovacs reagerte raskast, og fekk stussa ballen i mål.
Vålerenga-presset vedvarte, utan at dei skapte dei heilt store sjansane, før dei tok Rosenborg på ei kontring. Eline Hegg fann Tvedten, som på klassisk Olaug Tvedten-vis skar inn i bana, og hamra til med høgra. Ballen gjekk via hanskane til Rulyte og i mål, og plutseleg hadde Vålerenga snudd kampen.
Rosenborg kunne svart umiddelbart, men avslutningar frå Oline Fuglem og Milena Kokosz blei blokkert.
Dei kvitkledde opna den andre omgangen slik dei avslutta den første. Berre satte fart på høgrekanten, og fekk slått inn til Holum. Men denne gangen gjekk avslutninga rett på Enblom.
Cille Nilsen var også påskrudd i den andre omgangen, og kom til gode avslutningsmoglegheiter, men ingen av dei satte Enblom på dei største prøvene.
Så fekk Vålerenga eit nytt frispark, denne gangen i skothold. Tvedten prøvde lukka, og skotet gjekk via eit Rosenborg-bein og i tverrliggaren. På returen var Karina Sævik raskast, og fekk avslutta. Rett framfor målet fekk Sara Hørte ei tå på ballen, og den tidlegare Rosenborg-spelaren sørga for at det stod 3-1.
Kun marginar forhindra at Rosenborg slo tilbake med ein gang, då Fuglem fekk avslutta etter ein corner. Men avslutninga gjekk på undersida av tverrliggaren og ut.
Nilsen fekk ein ny sjanse kort tid før slutt, men då hennar skot frå åtte meter gjekk like over målet til Vålerenga, kunne dei blåkledde frå hovudstaden feire at 2. plassen i Toppserien var i boks, og at dei på ny skal ut i Champions League-kvalifisering komande sesong.
.jpg)
Gaupset masterclass
Stabæk 1-3 Brann (0-3)
Mål: 0-1 Lauren Davidson (26’), 0-2 Brenna Lovera (33’), 0-3 Brenna Lovera (34’), 1-3 Mille Helland Flø (81’)
Brann feira at seriegullet var i boks sist helg, no gjaldt det for raudtrøyene å avslutte sesongen med stil.
Men det var heimelaget som kom best ut frå startblokkene. Knappe tre minutt var spela når Guro Hammer Røn var på farta i bakrommet. Hennar avslutning gjekk rett på Selma Panengstuen, som hadde få problem med å avverge.
Så var det Sunniva Skoglunds tur til å avverge. Amalie Eikeland fekk skote på volley, men forsøket hennar, slik som det frå Hammer Røn, gjekk rett på sisteskansen.
Etter halvspelt omgang leverte Brann vakker angrepsfotball. Kombinasjonar på kanten førte til at Signe Gaupset fekk trilla ballen på tvers til Lauren Davidson. Hennar avslutning gjekk via eit Stabæk-bein, og spratt forbi Skoglund og i mål.
Gaupset ville ha enda fleire målpoeng. Ho blei spelt fri av Davidson, men i staden for å skyte aleine med keeper, valde ho å trille til Brenna Lovera på blank goal, som dobla leiinga.
50 sekund seinare gjekk det så raskt at ikkje eingang produksjonen haldt følge. Gaupset stjal ballen, og igjen spelte ho på tvers til Lovera, som satte inn Branns tredje for kvelden.
Så prøvde Gaupset lukka på eiga hand, men avslutninga frå spiss vinkel redda Skoglund meisterleg, før ho varta opp med ein enda betre redning på eit Lovera-skot kort tid etter.
Stabæk opna andre omgang med nokre gode angrep, men verken Hammer Røn eller Emilie Østerås klarte å overliste Panengstuen.
Nora Lie Eghdami prøvde lukka frå distanse, men Skoglund fekk fingeren på ballen, og slo til corner.
Ti minutt før slutt fekk Stabæk eit frispark frå 25 meter. Mille Helland Flø steppa opp, lada kanonen, og hamra ballen i nermaste kryss, bak ein sjanselaus Panengstuen.
Like etter var Østerås på fart gjennom. Gaupset fulgte ho, og felte midtbanespelaren utan å vere nær ballen. Det resulterte i eit gult kort, som betyr at serieavslutninga blir utan Branns store stjerne på bana.
Eit lite skår i gleda i det som blei ein solid gjennomføring frå Branns del.