Endelig tilbake etter skademarerittet
Førre veke var Kristine Leine endeleg tilbake på bana for Rosenborg, då dei møtte Steinkjer i NM. Då tok kjenslene overhand, etter 20 lange månadar for 27-åringen. Toppserien
– Det blei meir emosjonelt enn eg hadde trudd.
Slik samanfattar Leine kjensla over å vere tilbake på fotballbana i ein teljande kamp igjen.
Ein halvtime før slutt i oppgjeret mellom Rosenborg og Steinkjær kom ho nemleg innpå til sin første A-lagskamp sidan oktober 2022.
– Då kampen starta fekk eg meir puls enn eg hadde forventa, og det var framleis ganske lenge før eg skulle innpå. Men eg trur heile settinga: det å vere i ein kamptropp igjen, det å køyre buss med laget, og kome til stadion, varme opp… Det er så lenge sidan sist at det bygde seg opp ei viss spenning, fortel Leine.
– Men det slapp taket når eg kom ut på bana, så det var veldig godt.
Krunglete veg tilbake
Det var med flagget på brystet, i ein privatlandskamp mot Brasil, at det gjekk gale for forsvarsspelaren. Korsbandet var avriven, og ho måtte førebu seg på ein lang rehabiliteringsfase.
Dei fleste må gjennom 9-12 månadar med operasjonar, opptrening og rehabilitering før dei er tilbake for fullt. Leine ville gi seg sjølv ekstra god tid, og sikta seg inn på å vere tilbake i januar 2024.
Så kom beskjeden om at ho måtte under kniven på ny, for å fjerne arrvev i kneet
– Det var skit. Ein har høyrt at det er ein krunglete veg tilbake, og at ein må vere førebudd på setbacks og at ting ikkje går på skinner. Så eg var klar for at det skulle vere litt krangling på vegen, men kanskje ikkje at eg måtte inn igjen i kneet så mange gangar og skrape.
Dermed måtte ho smøre seg med meir tolmod.
– Det har vore det tyngste mentalt, at eg ikkje fekk heile sesongen til å bygge meg opp på. Men når det gjekk i vasken, måtte eg omstille, og gjere det beste ut av det, seier ho.
- Les også: Kvantesprang mot fotballens store gåte - Om Idrettens Helsesenter på Ekeberg, NFF, og Toppfotball Kvinners prosjektet: «Fysio i Toppserien»
Tanken på å legge opp
Sjølv om comebacket har blitt gjennomført, er det framleis ein veg å gå for Leine.
– Det tek tid å spele seg inn på laget, å halde i 90 minutt og vere der eg var før. Eg føler det er ein lang veg igjen, men det er framleis så deilig at eg kan vere med for fullt på fotballen igjen, seier ho.
Og berre det å returnere til fotballen kan ho sjå på som ein siger. For hadde du spurt ho før skaden om kva ho ville gjort dersom ho pådrog seg eit avrive korsband er svaret klart:
– Fordi ein har sett korleis det set mange lagvenninner tilbake, så hadde eg nok sagt at eg finn på noko anna, fortel ho.
– Men så hamnar du i den situasjonen, og kneet må bli bra uansett. Eg følte det blei naturleg å fortsette, og prøve å kome seg tilbake. Eg er veldig glad for at eg ikkje la opp, for då hadde det vore noko som hadde vore med meg vidare i livet. Det er fint å kunne tenke tilbake på at eg stod i det, og klarte å trene hardt og krige meg tilbake.
– Gir mykje å stå i det
Framover ventar det seg likevel både mentale og fysiske prøvingar for Leine.
– Eg vil gjerne prestere best mogleg til ei kvar tid. Men frå erfaringar frå andre spelarar, så går det veldig opp og ned prestasjonsmessig, og med den fysiske forma. Det har vore tøft mentalt i den perioden det har vore verst, men eg trur kanskje det tøffaste mentale er å ikkje prestere slik ein ønskjer over tid, seier ho.
Medan ho no sakte, men sikkert får trappa opp treninga og kampmatchinga si, har ho ei klar melding til andre som går gjennom ei liknande skadeperiode.
– Bruk dei du har rundt det, og gjerne finn andre gleder i tillegg til fotballen, så du har noko anna å tenkje på, seier Leine.
– Sjølv om det er tungt, så gir det veldig mykje å klare å stå i det. Eg har iallfall hatt godt av å stå i det og kome meg gjennom skaden. Så er det viktig å lytte til seg sjølv og kva du sjølv treng.
- Sjå Rosenborg – Vålerenga på Lerkendal, laurdag 12:45