Dramatikk heile vegen inn då nedrykk blei stadfesta

Eit oppsiktsvekkande raudt kort, nedrykk som blei stadfesta og pokalløft i Bergen. 2025-sesongen blei avslutta med eit brak.

Annonse:

Foto: Odd Sindre Tonning / TFK

Runden

Brann 8-0 Bodø/Glimt

Hønefoss 1-3 LSK Kvinner

Kolbotn 2-4 Rosenborg

Lyn 0-3 Stabæk

Vålerenga 1-0 Røa

Absurd utvisning då Glimt slapp med skrekken

Brann 8-0 Bodø/Glimt (4-0) 
Mål: 1-0 Lauren Davidson (9’), 2-0 Nora Lie Eghdami (11’), 3-0 Brenna Lovera (15’), 4-0 Nora Lie Eghdami (37’), 5-0 Monica Isaksen (56’), 6-0 Karoline Haugland (87’), 7-0 Monica Isaksen (89’), 8-0 Lauren Davidson (str. 90+4’)

Inn i sesongens siste serierunde verka det som om det berre var teori som kunne sende Bodø/Glimt ned i nedrykkssumpa. Dei visste på førhand at det måtte eit ordentleg braktap mot Brann til, samtidig som Kolbotn måtte slå Rosenborg i sesongavslutninga.

Men starten på kampen i Bergen gjorde nok at mange gulkledde begynte å frykte det verste. Marie Aspenes holdt på å slå ein corner rett i eige nett, men på streken stod Amie Sannes som impulsivt strakk ut armen og slo ballen vekk frå streken.

Dommaren blåste for eit soleklart straffespark, og etter berre 7 minutt fekk Glimt-spelaren marsjordre. Det påfølgande straffesparket satte Lauren Davidson i mål via stanga, og målfesten var starta.

Kort tid etter fekk Nora Lie Eghdami ballen inne i feltet. Ho venda opp på strålande vis, og hamra til. Avslutninga gjekk via Avery Snead og inn bak ein utspelt Aspenes.

Så rulla Brann opp nydeleg på høgrekanten ut til Cecilie Redisch Kvamme. Hennar innlegg kunne knapt vore betre, og på bakerste stolpe stod tre Brann-spelarar heilt aleine i kø og venta på å få sette ballen i mål. Framst i køen stod Brenna Lovera, og gjorde ingen feil.

Brann haldt oppe presset sitt, og ti minutt før slutt var Lie Eghdami på plass igjen. Kvamme kom seg fri på kanten, og slo nydelig inn igjen. Innlegget landa på hovudet til Lie Eghdami som stanga ballen i nettet, til 4-0, og faren for nedrykk hang seg over Bodø/Glimt.

Den andre omgangen haldt fram i same spor som den første, med eit Brann-lag som var komfortable på ballen, og som pressa Glimt djupt i bana. 

Belønning skulle dei få også. Monica Isaksen ville også vere med på målfesten. Med ballen på kanten av 16-meteren skar ho innover, for ho avslutta hardt og lavt mot det lengste hjørnet. 5-0 til Brann.

Så varta Cassandra Bogere opp med eit ellevilt dribleshow inne i Glimt-boksen. Ho venda vekk tre spelarar, før ho fekk avslutta, men ein Glimt-spelar fekk kasta seg inn og blokkert avslutninga.

Det klarte dei ikkje tre minutt før slutt, då Davidson fann Karoline Haugland med eit hardt og lavt innlegg foran mål. Brann-kapteinen fekk strakt fram ei tå og satte kveldens sjette for Brann.

Nummer sju var det Isaksen som stod for, med ei avsutning frå inne i boksen, før Davidson satte eit endeleg punktum for sesongen då ho satte nummer åtte frå straffemerket. Brann gjekk med det inn i pokalløftet etter ein perfekt gjennomført sesongavslutning, krona med poengrekord i Toppserien, og tangering i rekorden for scora mål i løpet av ein sesong (90).

Bodø/Glimt kunne på sin side puste letta ut, då hverken Kolbotn eller Røa makta å gjere jobben i sine kampar, og dei gulkledde kan førebu seg på Toppserien-spel også neste sesong.

Julie Steen fortviler etter et knepent tap for Røa mot Vålerenga på Intility.
NESTEN: Med poeng mot Vålerenga ville Røa sikret plassen i Toppserien neste sesong. Det ble med nesten for de rødkledde. Foto: Odd Sindre Tonning / TFK

Røa kunne sikra Toppserien-plassen

Vålerenga 1-0 Røa (1-0) 
Mål: 1-0 Elise Thorsnes (43’)

På Intility var spenninga til å ta og føle på i Røa-leiren før møtet med eit Vålerenga som roterte på sitt lag før ei veke der Champions League og Cupfinale ventar.

På førehand var det klart at eit poeng i denne kampen ville sikre at Røa dårlegast ville ende på kvalifisering i Toppserien denne sesongen. Ein siger kunne sikre fornya kontrakt allereie denne helga, i det som var Geir Nordbys siste seriekamp for klubben etter 29 år på trenarsida i Røa.

Det meste av banespelet var det Vålerenga som stod for i starten av kampen, utan at dei klarte å få noko særleg ut av sjansane dei skapte. 

Tomine Enger fekk sjansen frå start, og ville vise seg fram før ei viktig Vålerenga-veka. Ti minutt ut i kampen mottok ho ballen ved Røas 16-meter, og dribla seg forbi tre spelarar før ho kom til avslutning. Den mangla litt kraft og presisjon for å sette Røa-målvakt Milla-Maj Majasaari på ordentleg prøve.

Så satte Kaja Rosenlund i gang eit nydelig dribleraid. Ho plukka opp ballen djupt eigen banehalvdel, venda vekk ein Vålerenga-spelar, før ho gjekk mellom to andre. Det heile enda med at Sofia Krossøy kom til ei avslutning frå langt hold, men den blei komfortabelt stoppa av Thiril Erichsen.

Kort tid før pause gjorde Elise Thorsnes det ho har gjort 223 gangar tidlegare i Toppserien. Mawa Sesays innlegg traff hovudet til norsk fotballs mestscorande spelar gjennom tidene, og då blei resultatet som det ofte før har bitt: scoring. 

Dermed var det tid for Røa-fans å skru på målvarslingar frå Kolbotn-Rosenborg, då ein Kolbotn-siger ville bety nedrykk for Røa. Ein scoring til Røa ville derimot bety trygg plass i Toppserien, og Bodø/Glimt ned på kvalifiseringsplassen.

Og den scoringa kunne kome like etter pausa. Mina Bell Folland var nære ved å snappe opp ein laus ball aleine med Erichsen, men Vålerenga-keeperen kom ut i tide til å avverge situasjonen.

Så var det Anya de Courcy sin tur til å kome til ein sjanse. Med ballen i beina inne i feltet kom ho til avslutning, men den gjekk rett i blokka til eit solid Vålerenga-forsvar.

Men då også Krossøy si avslutning etter ein corner like før slutt blei blokkert, enda kampen i ein 1-0 siger til Vålerenga, og Røa må ut i kvalifisering for å sikre plassen i Toppserien komande sesong.

Kanna Matsuhisa fortviler over en brent sjanse i oppgjøret mellom Kolbotn og Røa på Ekeberg.
NEDRYKK: Kanna Matsuhisa og Kolbotn må førebu seg på spel i 1. divisjon neste sesong. Foto: Odd Sindre Tonning / TFK

Kolbotn må ta turen ned til 1. divisjon

Kolbotn 2-4 Røsenborg (0-2) 
Mål: 0-1 Matilde Rogde (25’), 0-2 Cille Nilsen (35’), 0-3 Eivor Ulvund (74’), 1-3 Camilla Linberg (78’), 1-4 Eivor Ulvund (80’), 2-4 Lea Ellingsen (88’)

Kolbotn gjekk inn i siste seirerunde vel vitande om at dei framleis hadde moglegheita til å gjennomføre ein heilt vill redningsaksjon. For nokre runder sidan var det 8 poeng opp til trygg grunn, likevel kunne plassen reddast.

Og det var eit tent Kolbotn-lag som kom ut på matta frå start av. Allereie før minuttet var spela fekk Tiril Haga ein enorm sjanse. Ho blei spelt fri på kanten, og hadde halve bana for seg sjølv. Kanskje brukte ho litt for lang tid med ballen i beina, Rosenborg kom seg iallfall på riktig side, og gjorde avlsutningsmuligheten vanskelegare. Skotet gjekk rett på Rugile Rulyte, men skremmeskotet var avfyrt.

Så var det Rosenborg sin tur. Ein corner blei svinga innover, og enda med å treffe tverrliggaren til Savanna Duffy, før den spratt mot bakerste stolpe. Der gjekk fleire spelarar i same duell, og det enda til slutt med at ballen gjekk ut til utspel frå mål.

Etter ein halvspelt omgang fekk Camilla Linberg ballen på 15 meter. Heilt stilleståande hamra ho til på volley, og tvang Rulyte ut i full strekk, og Rosenborg-keeperen fekk slått ut til corner.

Kort tid etter slo Rosenborg til på ei kontring. Ine Berre spelte fri Matilde Rogde, som hamra ballen i mål, og sendte Rosenborg i føringa.

Vondt skulle også bli til verre for Kolbotn då Cille Nilsen reagerte raskast på ein fri ball inne i feltet. Ho fekk avslutta frå seks meter, og dobla leiinga inn til pause.

Celine Nergård var marginar unna å sette den tredje etter timen spela. Hennar avslutning hamra i tverrliggaren og Kolbotn kunne puste letta ut. 

Det same kunne dei ti minutt seinare, då innbyttar Eivor Ulvund kombinerte fint med Nergård. Førstnemnde fekk avslutta, men igjen stod metallet i vegen for nettkjenning.

Men berre eit par minutt seinare var same spelar på farta igjen. Innlegget frå Hanna Dahl traff Ulvund perfekt på bakerste stolpe, og på volley satte Ulvund inn 3-0.

Eit lite håp blei tent for Kolbotn ti minutt før slutt, då Camilla Linberg snappa opp ein ball like utanfor Rosenborgs felt, og klinka til frå distanse, ei avslutning Rulyte ikkje kunne gjere mykje med.

Det vesle håpet som blei tent, blei effektivt slukka av Ulvund. Under to minutt etter Linberg-scoringa var ho først på eit innlegg, og satte ballen kontant i målet.

Det skjedde mykje i sluttminutta av kampen. Like etter Ulvund-scoringa mista Rosenborg ballen på veg framover. På vei mot mål bei Kanna Matsuhisa lagt i bakken av Agnes Nyberg, som allereie hadde fått eit gult kort, og Rosenborg måtte dermed avslutte kampen med 10 spelarar.

Lea Ellingsen reduserte ein gang til for Kolbotn, med ei fint plassert avslutning. Men det blei for lite, for seint for Kolbotn, som må spele 1. divisjon neste sesong.

LSK Kvinner feirer scoring mot Røa på Røabanen. Rikke Nygaard, Sara Tofft og Kaja Hjelmhaug feirer.
FEIRE: LSK Kvinner hadde mykje å juble for i sesongavslutninga, då dei sikra 4. plassen i Toppserien.

Ivi Christensen-show sikra 4. plassen

Hønefoss 1-3 LSK Kvinner (2-0) 
Mål: 0-1 Mille Ivi Christensen (25’), 0-2 Mille Ivi Christensen (str. 45’), 0-3 Aada Mäkelä (48’), 1-3 Synne Masdal (74’)

Både Hønefoss og LSK Kvinner hadde sluttplasseringar å spele for i sesongens siste kamp, men verken medalje eller nedrykk var eit spørsmål for laga før kampstart.

LSK Kvinner kom best i gang, og Mari Nyhagen fekk ein stor sjanse tidleg i kampen. Ho tok ein frekk tunnell ute på kanten, før hø skar inn i feltet. Der hamra ho til frå spiss vinkel, rett på Toppserien-debutant Erla Braathen i Hønefoss-målet.

Braathen var på plass også ti minutt seinare, då Mille Ivi Christensen blei spela fri på bakerste stolpe. Frå fem meter hamra ho til, men ein strålande reaksjonsredning frå 16-åringen stoppa skotet.

Etter halvspelt omgang fekk LSK Kvinner corner. Den slo Aada Mäkelä hardt og lavt inn mot første stolpe. Der møtte Ivi Christensen ballen, og breisida den i næraste vinkel til 1-0, og feira på svært akrobatisk vis.

Like før pause fekk gjestane straffespark, då Nyhagen gjekk i bakken. Då gjekk Ivi Christensen fram og satte kontant sitt andre for kvelden.

Andre omgang opna med at Mäkelä fekk vist fram sin finslepne teknikk. Ho tok seg mellom tre Hønefoss-spelarar inne i feltet, før ho banka ballen inn i det lengste hjørnet til 3-0.

LSK Kvinner haldt fram med å presse på gjennom omgangen, men Braathen stod i vegen for dei fleste avslutningane som kom mot ho.

Og på dødball skulle Hønefoss slå tilbake. Synne Hamborg slo perfekt inn til Synne Masdal, som stanga inn Hønefoss si redusering på første stolpe.

Det blei også kampens siste store sjanse, og LSK Kvinner avslutta sesongen med ein stor opptur, og sikra 4. plassen i Toppserien, medan Hønefoss greip tak i 6. plassen i sin første sesong i divisjonen.

Guro Hammer Røn, Mille Helland Flø og Amanda Johnsson Haahr feirer scoring mot Bodø/Glimt på Nadderud.
AVSLUTNING: Stabæk avslutta sesongen med ein opptur mot Lyn. Foto: Odd Sindre Tonning / TFK

Hammer Røn-dobbel senka Lyn

Lyn 0-3 Stabæk (0-0)
Mål: 0-1 Mille Helland Flø (55’), 0-2 Guro Hammer Røn (55’), 0-3 Guro Hammer Røn (66’)

I ein fantastisk solnedgang var ramma satt for sesongavslutninga for Lyn og Stabæk, og Maia Melgård var ikkje langt unna å gi kampen den starten den hadde fortena.

Ho mottok ballen like ved midtbana, og avanserte med den. Frå 25 meter bestemte ho seg for å klinke til, og ballen hadde ein svært spennande retning, men small i tverrliggaren og ut, i staden for å finne vegen til nettmaskene.

Mathea Berg-Solemdal ville også vere med på moroa. Ho skar inn frå venstrekanten, og prøvde lukka mot næraste kryss. Dessverre for ho gjekk ballen på feil side av stolpen og ut. 

Same skjebne var Joshualyn Reeves si avslutning råka av, då ho forsøkte seg med hovudet frå 11 meter.

I den andre omgangen var det Mille Helland Flø som viste Reeves korleis ein skal avslutte med hovudet frå 11 meter. Ein corner frå Thea Loennecken var presist slått, og Flø kunne berre sette panna til ballen, som gjekk i ein elegant boge og inn i nettet bak Kirvil Odden Sundsfjord. Dermed kunne midtstopparen feire si andre scoring på to kampar.

Deretter tok det knapt eit minutt før Stabæk var på farta igjen. Guro Hammer Røn blei spelt fri, og gjorde ingen feil aleine med Odden Sundsfjord, og dermed var det plutseleg 2-0 til Stabæk.

Så var det Berg-Solemdal sin tur til å vise seg fram. Ho hadde ballen ved cornerflagget, med to spelarar på seg. Med ei heilfrekk vending slo ho ein nydeleg tunnell, og la spelarane bak seg. Innlegget hennar fann også Hammer Røn, som satte inn 3-0.

Det blei også kampens siste scoring. Sigeren gjer at Stabæk endar sesongen på 5. plass, medan Lyn må ta til take med 7. plassen i Toppserien i år. 

 

Annonse fra Toppserien: