Brann sikra seriegullet – to lag berga plassen

Det blei spenning mot slutten av kampen, men til slutt kunne Brann sleppe gulljubelen laus. Samtidig var det fleire klubbar som sikra plassen i Toppserien neste sesong.

Annonse:

Foto: Marius Simensen / Bildbyrån

Runden

Brann 2-1 Rosenborg

Lyn 4-2 Røa

Vålerenga 2-0 LSK Kvinner

Hønefoss 3-2 Bodø/Glimt

Gullfest på Brann Stadion

Brann - Rosenborg 2-1 (1-0) 
Mål: 1-0 Signe Gaupset (22’), 2-0 Nea Lehtola (47’), Ine Berre (78’)

Før kampen var alt lagt til rette for ein ordentleg gullfest på Brann Stadion. Fagforbundet hadde mobilisert til årets satsingskamp, og hadde solgt over 4.000 billettar til sine medlemmar, og lagde nydelig stemning i fan zone før kampen.

Den stemninga blei teke med inn på stadion. Både spelarar og fans var fullstendig klar over at ein siger mot Rosenborg ville bety at dei kunne feire årets seriegull denne kvelden.

Etter ni minutt stod Brann godt igjen etter ein corner. Nea Lehtola fekk fyrt av på volley, og på ein regnvåt grasmatte fekk ballen ein uggen sprett like framfor Rulyte. Ho måtte gi ein retur, men klarte å snappe den opp sjølv.

Så var det Signe Gaupset som varta opp med litt magi. Karoline Haugland leverte kanskje karrierens enklaste målgivande pasning då ho trilla ballen til Gaupset inne i sin eigen sekstenmeter.

Derfrå gjorde Gaupset alt sjølv. Ho krumma nakken og satte på turboen, passerte to Rosenborg-spelarar på sin eigen banehalvdel, før ho avanserte mot Rosenborgs felt. På 20 meter tok ho to små touch mot høgre, lada skotfoten, og lirka ballen inn i det næraste hjørnet. Eimen av gull bredte seg på stadion.

Brann haldt fram med å skape moglegheiter, men avslutningar frå både Lauren Davidson og Lehtola blei blokkert av oppofrande Rosenborg-spelarar.

Så leverte Brann nydelige kombinasjonar på Rosenborgs banehalvdel. Til slutt var det Gaupset som spelte fri Amalie Eikeland inne i feltet, men før Eikeland fekk foten på ballen kom Andrea Buberg glidande inn med ein enorm takling, og fekk avverga sjansen.

Ein dryg halvtime ut i kampen skar Rebecka Holum inn frå sin venstre kantposisjon, og prøvde lukka frå 16 meter. Avslutninga gjekk rett på Selma Panengstuen i Brann-målet, og laga gjekk til pause på 1-0.

Ut frå pausa kom Brann ut i 100. Igjen kombinerte dei nydelig langs høgrekanten, og Eikeland fekk ein god innleggsmoglegheit. Den greip ho, og fann Lehtola som stod fullstendig aleine på bakarste stolpe, og hadde få problem med å doble leiinga.

Ti minutt seinare var det smått utruleg at det ikkje stod 3-0. Davidson blei spelt fri, og runda Rulyte. Men frå spiss vinkel satte ho avslutninga i stolpen og ut.

I staden var det Rosenborg som skapte ny spenning i kampen like før slutt. Eit innlegg frå Holum fant hovudet til Ine Berre, og frå sju meter fekk ho stanga ballen via hanskane til Panengstuen og i mål, og Rosenborg øyna sjansen til å stikke kjeppar i gullfest-hjula til Brann.

Men det blei med reduseringa, og Brann kunne sleppe fyrverkeriet laust over Stadion, og feire klubbens første seriegull sidan 2022. For Rosenborgs del ser det ut til at dei igjen endar på 3. plass i Toppserien.

Josefine Birkelund blir omfavnet av en person kledd i gulljakke og med gullparykk, mnes hun klamrer seg til gullhatten sin.
GULLFEST: Brann kunne feire seriegullet etter 2-1 sigeren mot Rosenborg. Foto: Marius Simensen / Bildbyrån

Berga plassen i målfest

Lyn - Røa 4-2 (1-1) 
Mål: 0-1 Maren Thoresen (7’), 1-1 Joshualyn Reeves (str. 19’), 2-1 Joshualyn Reeves (54’), 3-1 Jenny Røsholm Olsen (56’), 4-1 Jenny Røsholm Olsen (58’), 4-2 Julie Steen (64’)

På den andre enden av tabellen var det duka for eit spennende lokaloppgjer mellom Lyn og Røa. To lag som begge har blitt dratt inn i nedrykkskampen denne sesongen, og som begge var på desperat poengjakt.

Mest desperat av dei to var nok Røa, som befant seg på 9. plass før denne runda, ein plassering som vil bety kvalifiseringsspel om ein plass i Toppserien neste sesong.

Den desperasjonen hjalp kanskje til å byrje med, det var iallfall Røa som fekk den beste starten. Kirvil Odden spelte ballen rett i beina på Maren Thoresen, som frå 20 meter satte ballen i det lengste hjørnet.

Etter dette gjekk Lyn rett i angrep. Eit innlegg fann tåa til Ida Habbestad, som fekk ein avslutning i retning mål. Men ein Milla-Maj Majasaari i full strekk fekk avverga og slått ballen ut til corner.

Då kvarteret var passert blei Signe Boysen spelt gjennom i bakrom, men avslutninga hennar gjekk til side for målet til Odden.

Så var det Solveig Slemmen sin tur til å vise seg fram. Ho satte fart bak Røas forsvar. Anya de Courcy var for seint ute i duellen, og la den hurtige spelaren i bakken inne i feltet – straffespark til Lyn.

Frå 11 meter var Joshualyn Reeves iskald, og trilla inn utlikninga.

Etter halvtimen var det smått utrulig at Røa ikkje tok tilbake leiinga. Ida Hasselgårds corner var det Hanna Ellingsen som fekk hodet på. Headinga gjekk på innsida av stanga og ut, før Lyn fekk klarert.

I andre omgang var det Lyn sin tur til å få den beste starten, og Reeves sparka i gang ein periode på fire minutt der Lyn var dødeleg effektive. 

Først var det Reeves som fekk ballen på 11 meter, og satte den kontant i hjørnet.

Deretter fulgte Jenny Røsholm Olsen opp. Innlegget frå Habbestad var perfekt, men det første forsøket fra Lyns toppscorar blei stoppa av Majasaari. Returen hamna rett i beina på Olsen, som trilla inn 3-1.

Og Røsholm Olsen ville ha meir. Ho mottok ballen like innanfor Røa sin banehalvdel, og avanserte hurtig. Frå 20 meter klinka ho til, og ballen susa rett i krysset. 4-1, kort tid etter at Lyn tok leiinga i kampen.

Det skulle dog ikkje ta lang tid før Røa slo tilbake. Eit innlegg frå Solveig Engås fann Julie Steen inne i Lyn-feltet, og 17-åringen berre forlenga ballens bane til 4-2.

Dessverre for Røas del makta dei aldri å sette fleire ballar i nettet, og to rundar før slutt befinn dei seg framleis på den utrygge 9. plassen. 

For Lyns del kunne dei senke skuldrane etter kampen. Tre poeng mot Røa var nok til at dei har sikra plassen i Toppserien 2026.

Lyns Jenny Røsholm Olsen kontrollerer ballen inne i feltet i en kamp mot Bodø/Glimt.
DOBBEL: Jenny Røsholm Olsen scora to mål på like mange minutt då Lyn sikra Toppserien-spel også neste sesong. Foto: Odd Sindre Tonning / TFK

Eit langt steg mot Champions League

Vålerenga - LSK Kvinner 2-0 (0-0) 
Mål: 1-0 Olaug Tvedten (84’), Sarah Tofft (sm 90+5’)

Vålerenga kunne ta eit stort steg i retning av Champions League-spel også komande sesong med siger i derbyet mot LSK Kvinner.

Og det var vertane som fekk den friskaste starten. Synne Skinnes Hansen avanserte med ball på høgrekanten, før ho slo ut 45 grader til Karina Sævik. Hennar avslutning var god, men det var også redninga frå Klara Sporsem, som kom seg ned i hjørnet raskt nok til å stoppe avslutninga.

LSK Kvinner forsøkte å kopiere den oppskrifta ti minutt seinare. Mille Ivi Christensen tok med seg ballen høgt i bana, og slo inn. Ballen enda hos Tonje Erikstein, men hennar avslutning gjekk rett på Tove Enblom. 

Dei kanarigule festa eit lite grep om kampen, og skapte fleire farligheter. Størst var sjansen Aada Mäkelä fekk etter 25 minutt, då ein retur frå Enblom enda i beina hennar. Frå kloss hold gjekk avslutninga først på Enblom, før Vålerenga til slutt fekk klarert til ein corner.

På overtid i første omgang rulla Vålerenga opp eit nydelig angrep. Ylinn Tennebø fann Sævik på bakarste stolpe, og landslagsspelarens smått improviserte avslutning med hælen hadde retning mål, men ein solid redning frå Klara Sporsem gjorde at det var mållaust ved pause.

Andre omgang byrja med eit visst press frå LSK Kvinner, som hadde skotforsøk både frå Kaja Hjelmhaug og Ronja Foss Arnesen, utan at dei skapte trøbbel for Vålerenga.

Etter timen spel var det Vålerenga sin tur til å skape ein stor sjanse. Sævik kom seg åleine med Sporsem, men LSK Kvinners sisteskanse var våkent ute og gjorde Sæviks oppgåve vanskeleg. Avslutninga gjekk rett på Sporsem.

Det var noko av det siste keeperen gjorde i kampen. Etter å ha tatt telling fleire gangar gjennom kampen måtte Sporsem gi seg på grunn av skade. Inn kom Emma Lykke Sjåfjell til sin Toppserien-debut.

Og få minutt etter at ho blei bytta inn får ho vist seg fram. Naina Inauen forsøkte å bende ei avslutning i lengste hjørne, men der låg Sjåfjell og fekk dytta ballen til corner.

Ti minutt før slutt var Olaug Tvedten ekstremt nære ved å sende Vålerenga i leiinga, men hennar avslutning blei hamra i tverrliggaren.

Men eit minutt seinare skulle nullen sprekke for LSK Kvinner. Mawa Sesay viste nydelig teknikk, då ho spann rundt med tre LSK Kvinner-spelarar, før ho spelte fri Sævik. Åleine med Sjåfjell trilla ho ballen usjølvisk til Tvedten, som enkelt kunne plassere ballen i det opne målet.

Og på overtid satte Vålerenga spikaren i kista. Igjen var Sesay på farta, og slo ballen lågt og hardt inn foran mål. Der kom Sarah Tofft skliande, og satte ballen i eige nett.

2-0 sigeren gjer at Vålerenga no berre treng eitt poeng på dei siste to kampane for å sikre sølvplassen i Toppserien, og ein plass i Champions League-kvalifiseringa neste sesong.

Mawa Sesay i duell med Carina Wik Alfredsen i en treningskamp før sesongen.
FRISK: Mawa Sesay var avgjerande etter at ho kom inn frå benken mot LSK Kvinner. Foto: Odd Sindre Tonning / TFK

Sein scoring sikra Toppserien-plassen

Hønefoss - Bodø/Glimt 3-2 (1-2) 
Mål: 1-0 Heidi Svang (3’), 1-1 Imani Jenkins (4’), 1-2 Lise Dissing (41’), 2-2 Synne Hamborg (67’), 3-2 Inger Vadder (90+2)

Hønefoss og Bodø/Glimt rykka opp til Toppserien førre sesong, og har begge plassert seg like ovanfor nedrykksstreken i år. Derfor var det viktige poeng som skulle delast ut på AKA Arena denne helga.

Og finst det då noko betre tidspunkt å score sitt første mål i Toppserien på, enn i ein slik kamp? Det var iallfall det Heidi Svang gjorde då Synne Hamborgs corner gjekk i ein perfekt boge inn i boksen. Hodestøytet sendte Hønefoss i føringa før tre minutt var passert.

Men gleda til Hønefoss var kortvarig. Berre eit og eit halvt minutt seinare fekk Imani Jenkins ballen på 16-metersstreken. Ei fin vending gjorde at ho fekk akkurat nok plass til å fyre av eit skot, som lurte seg inn i hjørnet, og laga var like langt.

Bodø/Glimts Ida Holm Neset kom seg til fleire gode skotsjansar gjennom omgangen, men dei blei enten blokkert eller gjekk til side for målet til Siri Ervik.

Så leverte Bodø/Glimt ein augneblinks magi. Claudia Cagnina fekk ballen på høgrekanten, og hadde rikelig med plass. Hennar tidlege innlegg var perfekt, og landa rett på lissa til Lise Dissing, som på elegant vis vippa ballen over Ervik og i mål på volley, og Glimt hadde snudd kampen.

Den andre omgangen fekk ein noko rolegare start enn den første, men etter timen spel fann Inger Vadder Sandland Kristin Gumaer inne i boksen med eit flott innlegg. Gumaers avslutning gjekk like over tverrliggaren, men eit lite skremmeskot frå Hønefoss var notert.

Kort tid etter var Gumaer på farta igjen. Ho holdt på å snike seg forbi Glimt-keeper Marie Aspenes, men gjekk i bakken, og fekk straffespark.

Det ekspederte Hamborg hardt i mål til 2-2.

Gumaer hadde lyst på meir, og blei på ny spelt gjennom i bakrom. Frå ein noko spiss vinkel kom ho til avslutning, men den blei meisterleg redda av Aspenes.

Dermed gjekk det mot poengdeling på AKA Arena, men to minutt på overtid braut Svang ein langpasing, og fekk slått ballen rett opp mot Vadder Sandland, som var heilt åleine mot Aspenes. Der gjorde ho ingen feil, og fullførte snuoperasjonen for Hønefoss.

Dermed kan også dei feire fornya kontrakt i Toppserien neste sesong, to serierunder før slutt. 

Malin Rovelstad og Synne Hamborg feirer seier for Hønefoss.
BEHELD PLASSEN: Malin Rovelstad, Synne Hamborg og Hønefoss blir å sjå i Toppserien også neste sesong. Foto: Marius Simensen / Bildbyrån

 

Annonse fra Toppserien: